Det var taksidermist Ole Geir Schanke som sjølv kom køyrande med ulven han har stoppa ut, på oppdrag frå Sykkylven Naturhistoriske Museum. Der skal dyret no skal stillast ut.

-Dette er ein av dei vanskelegaste oppdraga eg har hatt. Ulven var nemleg så tynnhåra, så det var ikkje lett å skjule saumane, seier Schanke.

Første ulven

Det var denne ulven som vart skoten på Ikornnes i Sykkylven natt til 6. juni i fjor. Då hadde streifdyret frå Sverige drepe eit 20-tals sauer, både i Stranda og Sykkylven.

Schanke er født og oppvaksen i Sykkylven, men flytta til Rindal på Nordmøre i 1989 der han og kona framleis bur. Det er også her at Schanke har etablert seg med verkstaden sin, Schankes Trofédesign.

Narkohund

Han har stoppa ut dyr i over 30 år, men aldri før ein ulv. Derimot har han stoppa ut dyr som liknar:

-Ein gong stoppa eg ut ein narkohund, ein schäfer. Han står i dag utstilt på politimuseet i Trondheim.

Det han derimot stoppar ut mykje av er jakttrofear, både hjort, rådyr, rein -  og fisk. Det vil seie, av fisken tek han avstøypningar som han deretter fargelegg slik at dei blir svært naturtro.

Sansen for rovdyr

Han synest forresten det var greit at ulven kom tilbake til Sykkylven i den tilstanden dyret er no:

-Eg har alltid hatt sansen for rovdyr i Norge. Men eg har sjølv sauer og forstår godt at det kan bli konfliktar mellom sau og rovdyr. Og i akkurat dette tilfellet var det greitt at han vart teken ut. Ulven  får iallfall ein fin plass på museet, legg Schanke til.

Han trur heller ikkje dette blir den einaste ulven i Sykkylven.

-Eg ser ikkje vekk i frå at det kan kome fleire streifdyr vestover, seier Ole Geir Schanke.

Mindre enn torsk

Ulven som snart blir å sjå på museet i Sykkylven er 46 kilo. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men Schanke seier at ulveekspertar fortel at dette er ein over middels stor ulv.

Likevel vog han eitt kilo mindre enn ein torsk som Schanke laga ei avstøyping av for ein stolt fiskar.

Opnar i haust

Dersom du ønskjer å sjå ulven, må du vente til i haust - til museet opnar i nye lokale.  Her vil ulven få sin plass i ei større utstilling med omlag 200 dyr og fuglar, fortel avdelingsleiar Magnhild Vatne.

Og for at du skal ha noko å sjå fram til i samband med opninga ville museet at vi ikkje tok nærbilete av hovudet til ulven.

Frå venstre: Fungerande leiar i naturhistorisk museum Kjetil Tandstad, styremedlem Ove Bjerkan, dagleg leiar Magnhild Vatne,styremedlem Grete Davik, taksidermist Ole Geir Schanke. Foto: Robert Kvam
Ole Geir Schanke frå Schankes Trofedesign studerer jobben. Foto: Robert Kvam