Onsdag var det boklansering for boka «De gode strålene» på biblioteket på kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. Boka er den første boka her i landet som fortel om kreft og strålebehandling til born på ein enkel måte, og er laga for både born som pårørande, og born som er pasientar sjølve.

– Det er vanskeleg å forklare avansert strålefysikk og cellebiologi til små born. Derfor har eg prøvd å bruke så enkle ord som mogleg, seier forfattaren, Kristin Farstad. Farstad er opphavleg frå Trondheim og har jobba i stråleterapien i Ålesund sidan 2005. Ho er barneansvarleg på avdelinga og såg eit behov for ei slik bok i jobben sin.

– Det finst allereie ei slik bok om kjemoterapi på dansk, men ikkje om strålebehandling, og ikkje på norsk, seier ho.

Boka er illustrert av spanske Agnes Capella Sala. Ho er kunstnar frå Barcelona som bur i Oslo og er gift med ein sunnmøring, og tidlegare har ho dekorert to barneavdelingar i Spania.

Etterspurd blant pårørande

Tom Anders Stenbro i Kreftforeininga synest initiativet til Farstad er unikt.

– Boka hjelper oss å forklare og snakke om ein kompleks sjukdom til små born, og vi veit at det er ei etterspurd bok blant foreldre og besteforeldre. Ei slik bok har mangla, så derfor har vi sjølvsagt støtta arbeidet hennar.

Kreftforeininga hjelper Farstad med å distribuere boka gratis til dei miljøa som vil ha den.

– At ho har fått gitt ut denne boka viser kva du kan få til med eit slikt engasjement og stå-på vilje som Kristin har. Det er utruleg å få til noko slikt når ein er frå eit lite sjukehus og ei lita stråleavdeling, og i tillegg vere den første av sitt slag, for heile Norge, seier seksjonsleiar for stråleterapien Per-Erik Tødenes.

Altfor skumle celler

– Kreftcellene skulle vere skumle og sinte, men uttrykket blei for sterkt. Derfor laga vi heller kreftcellene som likegyldige. Boka passar for born frå to år og oppover, eg har testa den ut på mine eigne først, seier forfattaren.

Forfattaren trur ikkje ho kjem til å skrive fleire bøker.

– Det er faget eg brenn for, ikkje forfattarskapen. Eg har brukt åtte år på boka og den skal delast ut gratis på alle kreftavdelingane i Norge, så ikkje er det pengar i det heller, seier Farstad.

– Dei beste fagbøkene er dei som kjem ut av eit personleg engasjement, seier Anne Horn, pensjonert forlagsredaktør i Omnipax.

«De gode strålene» vil bli levert ut til alle kreftavdelingane i landet, og kan også bestillast på nettsidene til kreftforeininga.