Bruanlegget som no er freda går over Storestraumen og Heggestraumen, som bind saman Ellingsøyfjorden og Skodjevika i Skodje kommune. Dei to gamlebruene var tidlegare del av riksveg 661, men dei blei avløyst av Straumsbrua i 2004.

- Då Skodjebruanlegget sto ferdig i 1919, var det det største mura bruanlegget av sitt slag i Norden. Sjølv om det ikkje lenger køyrer bilar over bruene, kan ein oppleve bruene til fots eller med sykkel. Vakre bruer i vakker natur. Dette er sommarens anbefaling frå meg, seier riksantikvar Jørn Holme.

Bruanlegget var gjennom ei omfattande rehabilitering i 2012.

Samferdselshistorie

Anlegget består av bruer, tunnel og veg med kulturhistorisk verdi, og er eit viktig kapittel i Sunnmøre si samferdselshistorie. Tankar om å byggje bru over Skodjestraumen vart lansert av vegdirektør Hans Hagerup Krag allereie i 1892. Planane vart utarbeidde av overingeniør Nils Olav Hovdenak ved vegkontoret i Molde. Arbeidet på vegen tok til hausten 1911, og på sjølve bruanlegget noko seinare.

Skodjebruene stod ferdig i 1919, og vegen vart opna i 1922.

Omfanget av fredinga

Fredinga omfattar Heggestraumen bru, Storestraumen bru, tunnel gjennom Kasholmen og deler av veganlegget før og mellom bruene og tunnelen.

Formålet med fredinga er å ta vare på Skodjebruene som eit teknisk og arkitektonisk avansert bruanlegg frå starten av 1900-talet.

- Med sine elegante lineføringar og den gjennomtenkte materialbruken og detaljeringa er Skodjebruene også arkitektur av høg kvalitet, opplyser Riksantikvaren.

Følg Smp.no på Facebook

Sjå også: Skodjebruene på Riksantikvaren sin nettstad Kulturminnesok.no

Vegtunnelen på denne strekninga er også fylkets første tunnel, opplyser Statens vegvesen.