Ho skal etter planen gå andreåret på lina for Helse og oppvekstfag på Borgund vidaregåande skule i haust.

Les heile saka om Mahasen her.

Ifølgje fylkesutdanningssjefen for Møre og Romsdal Sverre Hollen, får Mahasen behalde plassen sin i opptaket.

– Den aktuelle kandidaten har søkt på andre året, og ho er i det ordinære inntaket saman med alle andre som har søkt, og vil bli vurdert plass. Slik vi les paragraf 3 i opplæringslova så må ho ha eit utreisevedtak som må effektuerast for ikkje å ha rett på utdanning lenger. Ho blir behandla på lik linje med alle andre elevar med ungdomsrett, på grunn av alderen. Vi har heller ikkje vane for å nekte nokon plass på ein vidaregåande skule når dei allereie har blitt tatt inn, seier utdanningssjefen.

Les også: Draumeflyktningar