– Vi skal gå med overskot igjen i inneverande år, sa nytilsett direktør Reidar Mjelde til avisa i fjor.

Og han fekk rett.

No kan møbelprodusenten Brunstad AS i Sykkylven leggje fram eit godt resultat for fjoråret, med ei overskot før skatt på 6,2 millionar kroner. Året før hadde dei eit underskot på 3,7 millionar.

Omsetninga av møblar auka frå 129,2 millionar til 132,6 millionar kroner i same periode. Samtidig er kostnadene blitt kraftig kutta.

– Det er gjort omfattande grep på kostnadssida, og saman med aukande sal og fokus på produktutvikling, er det grunn til å tru på ein positiv utvikling for selskapet dei komande åra, skriv styret i årsmeldinga.

Ved siste årsskifte hadde møbelbedrifta 94 tilsette, fordelt på 50 kvinner og 44 menn.