Augnevitnet var på tur saman med barnebarnet og dreiv og tok litt bilde, då han vart merksam på dei to som bevega seg heilt ut på kanten. Bildet er tatt like ved kafeen ved det populære turistmålet.

– Det kom fire bussar, sikkert med cruiseturistar. Desse to bevega seg heilt ut på kanten, fortel han.

– Eg var sikker på at dei skulle forsvinne utfor stupet, seier fotografen til Smp.no.

– Begge var ustø på føtene. Dei måtte hjelpe kvarandre heilt fram, ifølgje augnevitnet.

Han trur dette kan vere eit dagleg fenomen ved juvet, derfor tar han kontakt med Sunnmørsposten.

– Der såg ut som at der var ei tydeleg rås, så der er det fleire som har gått, seier mannen.

– Eg prøvde å vinke dei vekk derifrå. Men dei tok ikkje signal om å stoppe. Til slutt greidde eg ikkje å sjå på, eg måtte snu meg vekk, seier sunnmørsmannen, som ikkje ønskjer å ha namnet sitt i avisa.

– Og det som var så gale var at han stavra seg bort først, og så kom ho, og han stod og heldt ho i jakka så ho ikkje skulle dette.

På andre sida av juvet har Statens vegvesen bygt ei utsiktsplattform med gjerde rundt. Dette området seier mannen at han opplever som veldig trygt og fint, også for små barn.

Området der det eldre paret tok seg fram er på motsett sida av elva.

Ingen sperringar

– Generelt er det ikkje muleg å stenge av alt som er farleg, Vi har også allemannsretten og fri ferdsel i Norge, seier lensmann Jon Tommy Flo i Stranda og Norddal.  – Dette handlar om å få ut informasjon til turistoperatørar, bussjåførarar, guidar og andre som har kontakt med turistar. Det handlar om å gjere folk merksam på farane, seier Flo.

Lensmannen kan ikkje hugse at det har vore alvorlege ulukker ved Gudbrandsjuvet. Det har heller ikkje prosjektleiar Grete Kongshaug i Statens vegvesen. Utan å ha sett bildet reknar ho med at paret er på eit område der Vegvesenet er grunneigar.

– Det er ingen sperringar eller skilt her som stoppar folk. Ein ser jo ganske godt sjølv at det er farleg her.

– Elles vurderer vi heile tida, om det er stader som burde vore sikra, seier Kongshaug i Vegvesenet.

Gjer som 22.000 andre, følg Smp.no på Facebook