Måndag ettermiddag har Ragnar Thorseth (67) rodd seg ut til Vikingbanken i Nordsjøen og ankra opp færingen der. Det er nesten halvveges til Shetland.

– Det er vind frå nordvest, fortel Åsmund Nerlid om bord i følgjebåten Hilding.

– Men den skulle dreie austleg i kveld, og det er jo draumeforhold.

Første utfordring var å krysse Norskerenna.

– Det gjekk veldig greitt. Vi var heldige med vinden. Og det var sol. Han var spent fordi det ikkje er muleg å ankre opp i renna, fortel Nerlid.

– Men inne på Trollfeltet merka vi ganske kraftig motstraum og at det gjekk tregt.

Observert

Søndag rundt klokka 08 vart Thorseth observert frå plattforma COSLInnovator på Trollfeltet.

– Ragnar Thorseth og følgjebåten Hilding passerte mellom Troll-C og COSLInnovator på Trollfeltet. Det var tett tåke på feltet før soloppgang, men det klarna opp rett før Thorseth passerte, fortel DP-operatør Asgeir Roald.

Roald fortel at det var overskya, laber søraustleg bris og 1,5 meter bølgjehøgde. Dei to båtane passerte næraste plattform med ein avstand på rundt to nautiske mil. Dette var desverre for langt til å kunne ta eit godt bilde.

Ventar kuling

Så langt har det ikkje vore store bølgjer, fortel Åsmund Nerlid i følgjebåten. Nerlid held seg nær når det er tåke og lenger unna når det er god sikt.

– Det var tåke i går kveld og i natt, og ei kraftig regnbye. Det er meldt tåke til natta også.

Første stopp på Shetland er Out Skerries. 1. august skal han vere tilbake i Fosnavåg etter å ha rodd fram og tilbake.