Det melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter like etter midnatt.

Statens vegvesen melder at tunnelen er stengt. Den ligg på Fv. 61 like nord for Garneskrysset.

Klokka 00.19 melder Møre og Romsdal 110-sentral at det er kontroll på situasjonen.

Det var berre ein bil involvert i ulykka, fortel operasjonsleiar Jon Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt.

- Føraren er frakta til sjukehus. Eg kjenner ikkje skadeomfanget, men personen var ute av bilen då vi kom til staden, seier han.