Dette har politiet avklart etter å ha fått snakka med mannen i 30-åra søndag kveld.

– Vi har ikkje konfrontert mannen med dette, men det er grunn til å tru at han har vore med på det, seier Tor André Gram Franck til Sunnmørsposten.

Ein mann i 30-åra vart henta av ambulanse ved Langevåg kyrkje natt til søndag, og han gjennomgjekk minst ein operasjon på sjukehuset. Først var det påstått at mannen oppdaga taggarar ved Langevåg kyrkje og at han snakka til desse og vart slått ned.

– Politiet har søndag etterforska saka. Ut frå dei opplysningar som vi har fått gjennom avhøyr, kan ein seie at det ikkje dreier seg om ei valdshandling, opplyser politiet.

– Den som først vart omtalt som fornærma hadde ramla og slått seg seint på natta. Dette fekk vi først brakt klarheit i etter å ha fått snakka med han no i kveld, opplyser Franck.

Når det gjelder eventuell sikting om falsk forklaring, seier Gram Falck at dei første samtalane ein hadde med vedkommande ikkje var eit formelt avhøyr.

– Avklart

– Når det gjeld tagging på kyrkja, har politiet også fått klarheit i kven som utførte dette gjennom avhøyr. Vi kan her sjå bort frå andre personar, opplyser politiet.

Kyrkjeverje Per Kåre Volle seier til Sunnmørsposten at det er godt saka no er avklart.

– All honnør til politiet for at dei oppklarte dette på så kort tid, seier Volle.

Han trur ikkje det vil bli vanskeleg å rette opp skadane på kyrkjeveggen.

– Det ser ut som det blir relativt enkelt å male over tagginga. Men når det er sagt så er dette ei handling som vi tek sterk avstand frå, seier han.

– Vil de melde saka til politiet?

– Det får vi drøfte i løpet av morgondagen, sa Volle søndag kveld.

– Vil de vurdere å sikre kyrkjebygget mot slike hendingar?

– Det er noko vi også må drøfte. Men slik eg ser det her og no så er dette eit eingongstilfelle. I alle fall håper vi at det er det, seier Volle.