– Eg såg på klokka, for eg syntest at eg høyrde noko, seier Liv Fostervoll, bebuar ved Vågstunet omsorgsbustadar i Mauseidvåg.

Truleg var det ein overfallsmann Liv Fostervoll hadde på døra.

– Det er litt rådyr og litt hjort som går her. Eg tenkte at det er sikkert hjort, for eg høyrde det veldig tydeleg. Men eg såg ikkje noko. Eg hadde vindauget litt ope, så eg hadde det igjen. Og så la eg meg nedpå og såg på klokka, då var ho litt over fire.

– Så gjekk det fem minutt, då ringde det på døra. Og då tenkte eg: «Skal eg gå og opne?».

Fostervoll fortel at ho tenkte på det som skjedde med ei anna eldre dame i området, som ifølge politiet vart overfalt og valdteken for ein månad sidan.

– Eg vart såpass redd at eg opna ikkje, fortel Fostervoll.

– Og så ringde det ein gong til. Det ringde fire gongar. Det var berre eit vanleg ring alle fire gongane. Så var det ikkje noko meir.

Fostervoll fortel også at mange av naboane møttest søndag for å prate med kvarandre om det som hadde hendt.

Heretter trur Fostervoll at ho kjem til å ha vindauga igjen nattestid.