Selskapet Kveen AS i Stryn har dei siste 10 åra vore igjennom ei positiv utvikling både omsetnings- og resultatmessig. Også 2014 vart for Kveen AS eit innhaldsrikt år med høg aktivitet.

- I 2014 auka Kveen AS på konsernbasis omsetninga til 95,1 millioner kroner mot 73,6 millioner kroner i 2013. Dette er ein auke på 29%, seier dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Verksemda opererar innanfor tre kjerneområde: Kveen Anlegg, Kveen Motor og Fjord helikopter.

- Grunna gjennomføring av eit større vedlikehaldsprogram for selskapet sine helikopter vart konsernresultatet noko mindre enn forventa, skriv selskapet i ei pressemelding.

Forretnings- og organisasjonsutvikling

- Konsernet har i 2014 gjort strategiske og organisasjonsmessige grep som vi i 2015 ser positive resultatmessige effektar av, spesielt for Fjord Helikopter AS og Kveen Motor, fortel Kveen Øvre-Flo.

Konsernet har 36 tilsette. Styret har som følgje av vedvarande auke i omsetning kontinuerleg fokus på organisasjonsutvikling og selskapet ønskjer å styrkje bemanninga ytterlegare framover.