Eit ektepar i 60-åra er frakta til Ålesund sjukehus etter ei trafikkulykke på Festøya i Ørsta kommune ved 17-tida, laurdag.

- Dei to skal ha skadar i mage og rygg, men kor omfattende skadane er, er ikkje på det reine, seier operasjonsleiar John Bratland til Smp.no klokka 17.40.

Bilen dei to sat i har hamna av vegen og inn i ei lysmast på E39, like ved ferjekaia.

- Skadeomfanget er ukjent, men naudetatane er på veg, melde Sunnmøre politidistrikt klokka 17.09.