Denne veka rykkar sju energirådgjevarar inn i kommunale bygg i Volda for å finne ut korleis ein kan få ned straumforbruket.

- Dette er viktig for Volda kommune, men det har ikkje minst ein positiv verdi for samfunnet generelt. Det handlar også om bevisstgjering av barn og unge, slik at vi får ein effekt også i framtida, seier eigedomssjef Kjell-Magne Rindal i Volda kommune.

Skal lære opp barn og unge

36 bygg skal analyserast, frå barnehagestorleik og oppover. Det er selskapet Norsk Enøk og Energi AS som skal analysere bygga og kome med framlegg til tiltak.

- Det vil vere tiltak som styring av lys og varme, nye ventilasjonsanlegg og å skifte ut gamle lys med LED-lys. Det blir også opplæring av driftspersonar og barn og unge som brukar bygga, seier David Raudberget i Norsk Enøk og Energi.

Det kan også bli aktuelt å skifte ut vindauge i enkelte bygg.

I februar/mars meiner Rindal at kommunen kan plukke ut 150 til 200 tiltak det skal satsast på.

- Med eigne ressursar hadde vi kunne sett i gang fem-seks tiltak i året. No får vi opp mot 200 tiltak. Vi dreg inn ekspertise for å få full effekt, seier Rindal om bakgrunnen for at ein leiger inn eit selskap til arbeidet.

Kommunen har fokus på energisparing frå før, men ifølgje Rindal er ein nøydd til å ta eit stort lyft for å oppnå måla i klimaplanen.

Fyrer for kråkene

Norsk Enøk og Energi AS har gjennomført fleire liknande prosjekt i andre kommunar her i landet, med godt resultat. Og dei garanterer minst 31,6 prosent reduksjon i straumforbruket.

- Volda kommune ligg på gjennomsnittet på energibruk, men det er nok ein del fyring for kråkene når vi har eit potensial på 32 prosent innsparing, seier Rindal.

Sivilingeniør Kjell Gurigard som blant anna har vore med og utarbeidd malar for KS for slike prosjekt, meiner at tiltaka som Volda kommune bør gjennomføre vil koste 13,2 millionar kroner, men at pengane vil vere tent inn igjen på 8,4 år. Då vil forbruket vere så mykje redusert at straumrekninga vil minke med 2,2 millionar kroner årleg.

- Viss de er flinke til å drive tiltaka vidare, då vil de ta inn nettoen på 2,2 millionar kroner i året, sa Gurigard under startskot for prosjektet måndag.

Håpar på nabokommunane

Norsk Enøk og Energi sitt arbeid vil vere ferdig til jul, og det er politikarane i Volda som deretter skal ta stilling til om tiltaka skal gjennomførast.

Rindal fekk ideen til prosjektet på ei samling i regi av Sunnmøre energiråd i Ålesund for halvtanna år sidan. Han tok deretter kontakt med mange kommunar som har gjennomført liknande prosjekt, og det var berre positive erfaringar å høyre om.

No håpar han at også nabokommunane til Volda kan sjå verdien og tenkje i same baner.