Sunnmøre politidistrikt jobbar framleis for fullt for å finne ut kven som stod bak to nylege overgrepssaker mot eldre kvinner i Sula kommune.

Hendingane skjedde ikkje langt frå kvarandre, og det er derfor naturleg å sjå sakene i samanheng.

200 DNA-prøver

Politiinspektør Elin Drønnen seier at det er henta inn nærare 200 frivillige referanseprøver i begge sakene. Drønnen vil ikkje ut med kva slags svar politiet har fått på DNA-prøvene i den første saka.

I den andre saka ventar politiet framleis på svar.

– Materialet er sendt inn, men vi har så langt ikkje motteke noko svar i forhold til biologiske spor, seier Drønnen.

Ho legg til at instituttet prioriterer saka.

Les også: Politiet ser voldtektsforsøk i sammenhengLes også: Håper på en snarlig pågripelse

Konkrete tips

Det har kome inn tips i etterkant av at politiet gjekk ut med skildringar av gjerningspersonen. Ein 175 til 180 centimeter høg person med slank kroppsbygging er etterlyst. Han skal ha hatt på seg ein lysgrå hettegenser eller jakke, og ei svart joggebukse. Gjerningspersonen kan ha skifta klesplagg før og etter ugjerninga.

– Tipsa vi har fått inn går på skildring av gjerningsmann og klesdrakt. Vi har fått konkrete tips, seier Drønnen, utan at ho vil inn på detaljar.

Les også: Ho opna ikkje for overfallsmannenLes også: – Dette skal vere ein stad der eldre folk skal få ro og kvile

Storsak-instruks

Politiinspektøren håper at befolkninga har tillit til at Sunnmøre politidistrikt gjer alt dei kan.

– Vi har framleis med ein ukjent gjerningsperson å gjere, og vi kan ikkje sjå vekk frå fare for gjentaking. Derfor jobbar vi så raskt vi kan, seier Drønnen.

Når det gjeld DNA-prøvene som menn i Sula frivillig har godkjent, så blir desse berre brukt i aktuelle sak og ikkje lagra i noko register for framtida.

Sunnmøre politidistrikt jobbar etter same instruks som under dei fire drapssakene dei har løyst dei siste åra.