Sjå video frå staden over (video: Christian Voldsund/redigering: Carl-Henrik Moltumyr)

Ingen av dei åtte personane i bilen vart skadd, då ein limousin tok til å brenne på Eiksundbrua i Ulstein kommune seint onsdag kveld.

– Vegen blir opna for fri ferdsel i løpet av kort tid, opplyser Sunnmøre politidistrikt klokka 23.45.

Årsaka til brannen er så langt ikkje klarlagd, men brannen blir etterforska.

Sjåfør og sju passasjerar

– Ulstein brannvesen er ute på bilbrann på Eiksundbrua, melde Møre og Romsdal 110-sentral rundt klokka 23, onsdag.

Brua ligg rett på nordsida av det undersjøiske vegtunnelen Eiksundsambandet mellom Ulstein og Ørsta.

– Det er ein limousin med sjåfør og sju passasjerar. Bilen står i full fyr, midt på brua, men ingen skal vere skadd, fortalde operasjonsleiar Trygve Ødegård til Smp.no klokka 23.10.

– Alle er ute av bilen og blir tatt hand om, la han til.

Flammar ut frå førarsida

Anne-Elin Brautaset var blant dei første som kom til staden.

– Vi såg ein bil som stod på toppen av brua og frå bilen kom det flammar ut frå førarsida. Vi stoppa vår bil og då kom det ein kar i retning mot oss, han viste seg å vere sjåføren. Han hadde då fått alle dei sju passasjerane ut av bilen og dei stod på andre sida av limousinen. Sjåføren fortalde oss at ingen i bilen var i fare, seier Brautaset, som stod på Eiksund-sida.

– Vi køyrde umiddelbart bilane våre tilbake og fekk varsla andre bilistar som var på veg inn på brua. Og her står vi fortsatt. Vegen er stengt, fortalde Brautaset ved 23.30-tida i går kveld.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 22.46.

Varmekamera

Klokka 23.35 fortel operatør Tor Ivar Sjåstad ved Møre og Romsdal 110-sentral at brannen er sløkt, men at brannvesenet går over bilen med varmekamera.

Bergingsbil kom til staden for å ta hand om bilen.

Anne-Elin Brautaset var blant dei første som kom til staden. Foto: Carl-Henrik Moltumyr