Ein jeger har gått seg skorfast 600-700 meter oppi lia over Erdalen. Fjellredningsgruppa til Røde Kors er på veg for å hjelpe han ned att, melder Sogn og Fjordane politidistrikt på Twitter.

Ifølgje operasjonsleiar Kai Myklebust skal jegeren vere i fin form enn så lenge.

– Han har tatt seg opp i ei fjellside og nådd eit punkt kor han ikkje kjem seg opp eller ned. Vi har også kontakt med ein kollega som står litt lengre nede i fjellsida, fortel Myklebust.

Fjellredningsgruppa skal ved 16.50-tida vere på plass, og Myklebust trur ikkje det tek lang tid før dei sett i verk tiltak for å hjelpe mannen.

– Vi er på veg vi og, men det er ikkje noko dramatikk i saka, seier operasjonsleiaren til smp.no.

Politiet fekk melding klokka 15.12.

Klokka 18.26 fortel politiet til smp.no at personen framleis ikkje er berga ned frå fjellet.

Aksjonen vart avslutta klokka 21 i kveld og jegeren er kome ned i god behald, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.