Politisk sonderingar i løpet tysdag har allereie gitt resultat for enkelte av ordførarkandidatane på Nordvestlandet.

Goksøyr held fram

Herøy Høgre og Herøy KrF har inngått eit valteknisk samarbeid som sikrar Høgre ordføraren og KrF varaordføraren dei neste fire åra, melder dei to partia.

- Samarbeidet skal bygge på respekt for kvarandre, og vi er samde om nokre politiske saker som vert viktige og som skal farge Herøy dei neste fire åra, heiter det i ei pressemelding.

Lyshol vraka

I Sykkylven var det lenge duka for sittande ordførar Petter Lyshol (H), men seint tysdag kveld blei det klart at Lyshol no må finne seg ny jobb.

- Gjennom eit samarbeid med Ap, V, KrF og SV har vi kome fram til at Sp får ordføraren, fortel påtroppande ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug.

Han får med seg Anne Karin Watters frå Ap som varaordførar.

Og med dette vert Høgre og Frp ståande igjen aleine i Sykkylven.

Krogsæter i Haram

Vebjørn Krogsæter frå Senterpartiet tar over ordførerklubba i Haram. Det vart kjent tysdag kveld.

- Vi inngår eit samarbeid med KrF og Ap her i kommunen, og KrFs Randi Walderhaug Frisvoll blir varaordfører, fortel Krogsæter.

Koalisjonen vil også invitere MDGs eine representant inn i varmen, dersom partiet ønsker det.

Det er Bjørn Sandnes frå Høgre som har vore ordførar i Haram den siste perioden. Han har ivra for ei storkommune på Sunnmøre, mens dei tre partia som no har tatt kontroll over kommunen er nok meir spetiske til ei slik løysning.

Valets vinnar i Haram, Frps toppkandidat Svein Harsjøen, blir då ståande på sidelinja saman med Høgre.

Amdam i Volda

Med støtte frå Venstre og nykomaren MGD fyk professor Jørgen Amdam (Ap) rett inn i ordførarstolen i Volda.

– Ap har gitt frå seg svært mykje i forhandlingane, men eg er svært glad for at vi lukkast, seier Amdam tysdag kveld.

Saman med Sv og Sp gjekk han få dagar før valet ut og kunngjorde at dei tre hadde danna ei raudgrøn blokk som bindande politisk plattform. Målet var mellom anna å velte den Høgre-sterke makta i Volda.

– No ser vi at vi lukkast fullt ut med dette, konstaterer Amdam. Varaordførar vert Fride Schølberg Sortehaug (V). Sp får heile to plassar i formannskapet, medan SV får ein. Arild Iversen (KrF) er dermed ute, sjølv etter eit svært godt val.

Bjørlo held fram

I Eid har Alfred Bjørlo sikra seg fire nye år som ordførar, her blir Eli Førde Aarskog (H) varaordførar. Her vart det i natt gjort avtale om samarbeid mellom Venstre, Høgre, KrF og Frp. Desse partia har 15 av 29 mandat i kommunestyret og dermed fleirtal. Det stadfestar Alfred Bjørlo overfor smp.no.

- Vi har inngått valteknisk samarbeid, som også inneheld nokre politiske punkt, seier Bjørlo (V), som dermed er klar for sin andre periode som ordførar.

- Var det harde forhandlingar?

- KrF hamna på vippen og forhandlingane var harde. KrF har mellom anna fått gjennomslag for ein plass i formannskapet, at det ikkje skal vere søndagsopne butikkar og ikkje blir eigedomsskatt på næring i Eid, opplyser Bjørlo som ser fram til fire nye år som ordførar.

- Eg gler meg veldig. Det skjer mykje positivt i Eid, seier han.

Ulstein

Knut Erik Engh (Frp) blir ny ordførar i Ulstein, han får med seg Steinar Torvik (KrF) som varaordførar.

Dermed får Ulstein for første gong ein ordførar frå Frp.

Det er klart etter at det tirsdag ettermiddag vart inngått avtale mellom partia Frp, KrF, V, Sp og SV. Desse partia har til saman 15 av 25 representantar i det nye kommunestyret.

I tillegg til Engh og Torvik får Pål Grødahl (V) og Lisa Mari Brevik Andersson (Sp) fast plass i formannskapet. Dei tre siste plassane i formannskapet blir fordelt mellom H og Ap. SV og Senterpartiet får i fellesskap første varaplass til formannskapet.

Alf Johan Antonsen (Frp) blir leiar i teknisk utval, medan Eldar Knotten (V) skal leie levekårsutvalet i Ulstein dei neste fire åra.

Vanylven

I Vanylven har Venstre, Høgre, Senterpartiet, KrF og Frp signert avtale tysdag ettermiddag.

Lena M. Landsverk Sande (V) blir ny ordførar. Det er første gong ei kvinne får jobben som ordførar i Vanylven.

Frp får varaordføraren, han heiter Bjarne Sætrenes.

Høgre får to medlemmar i formannskapet og Senterpartiet/Krf står sentralt i tildeling av ulike roller i utval og verv.

- Med dette samarbeidet sikrar ein også tre kvinner i formannskapet, seier Ingebrigt Berget (Sp) i ei pressemelding.

Norddal

Arne Sandnes og Senterpartiet har med 51,4 prosent av stemmene fått reint fleirtal i Norddal. Partiet vil få ni av 17 representantar i kommunestyret og fire av sju i formannskapet. Det betyr at Arne Sandnes blir ordførar.

Per Magnus Berdal er i dag varaordførar for partiet, men det er ikkje drøfta kven som blir varaordførar i den komande perioden.

Med reint fleirtal kan Senterpartiet ta alle posisjonar, men Sandnes seier til smp.no at han vil legge opp til eit breitt samarbeid som samlar kommunen.

Vestnes

Geir Inge Lien (Sp) held fram som ordførar i Vestnes. Det er klart etter at det er inngått muntleg avtale om samarbeid mellom Sp, KrF, H og Frp. Partia tek sikte på å få plass eit valteknisk samarbeid om kort tid, får smp.no bekrefta tirsdag.

Til saman har desse fire partia 16 av 23 representantar i kommunestyret og dermed fleirtal.

Og folket i Vestnes får ny varaordførar: Randi Bergundhaugen frå Høgre.

Sande

Elles tyder alt på at Dag Vaagen (H) får fire nye år i ordførarstolen i Sande kommune.

Her gjorde Høgre eit godt val, og held ifølge Vaagen fram samarbeidet med Sande Vest. Det gir i så fall 11 mandat, fleirtal i kommunestyret og høvesvis ordførar og varaordførar til Høgre og Sande Vest.

- Men vi vil søkje politisk samarbeid med fleire parti, understrekar Vaagen til smp.no.

Stranda

Jan Ove Tryggestad (Sp) gjorde eit brakval i Stranda. Tysdag formiddag er det heller ingen formell avtale om samarbeid, men Sp har hatt sonderingar med KrF før valet og det er aktuelt med eit samarbeid. Desse to partia har åleine fleirtal i kommunestyret, men Tryggestad seier til smp.no at han vil søkje samarbeid med alle dei andre partia i kommunen.

Stordal

Arbeidarpartiet får ny ordførar i Stordal med Eva Hove. Ap har gjort eit brakval og har ein framgang på over 17 prosent. Ordførar Charles Tøsse (H) har meldt overgang til fylkespolitikk, og det har ført til at Høgre taper omtrent like mykje som Ap går fram. Tøsse har vore ordførar i Stordal sidan 2003.

Stordal har vore Høgre-styrt i 22 år. Hove blir den andre kvinnelege ordføraren etter Ingrid Løseth (Sp) som har vore det før ho. Senterpartiet samarbeider med Ap og til saman har dei to partia 11 av 15 plassar i kommunestyret. Det var 781 røysteføre i kommunen og 61,7 prosent valdeltaking. Utanom Frp (-4,3) taper også KrF terreng (-1,6) samanlikna med førre lokalval.

Midsund

Odd Helge Gangstad (Sp) blir ny ordførar i Midsund kommune. Frits Inge Godø frå Venstre blir varaordførar.

Høgre fekk flest stemmer i Midsund med 29 prosent, men dei tre neste partia, Senterpartiet, Venstre og Arbeidarpartiet har inngått eit samarbeid. Til saman får trioen 10 av 17 mandat i kommunestyret.

Avtalen mellom dei tre partia blir signert, formalisert og gjort offentleg klokka 20 i kveld, etter det Smp.no kjenner til.

Ordførar Einar Øien (Frp) stilte ikkje til attval i Midsund, og partiet har mista fire mandat. Inger Lise Trønningsdal (H) kunne blitt kommunen si første kvinnelege ordførar. Ho skulle helst sett eit anna resultat då Høgre vart største parti i Midsund.

Høgre får fem mandat, KrF og Frp blir ståande med eitt kvar.

Smp.no oppdaterer saka.

Camilla Storøy (KrF) og Arnulf Goksøyr (H). Foto: Knut Arne Aarset
Eva Hove (Ap) blir ny ordørar i Stordal.
Vebjørn Krogsæter.
Knut Erik Engh blir Frps første ordfører i Ulstein.
Arne Sandnes gjer comeback i politikken og blir nok ein gong ordførar.
Dag Vaagen kjenner seg trygg på fire nye år som ordførar.