Kløvning kjem frå stillinga som senioringeniør i Sjøfartsdirektoratet og har lang maritim erfaring som skipsførar i Fjord1, der han også har drive med byggetilsyn og revisjonsleing, går det fram av ei pressemelding frå selskapet.

- Kløvning har solid kompetanse og erfaring som vil bidra til å løfte sikkerheten i Fjord1 ytterlegare. Vi er svært nøgde med at han kjem tilbake til selskapet i denne viktige stillinga, seier Leif Øverland, administrerande direktør i Fjord1.

Sikkerheitsdirektørstillinga vart etablert i samband med fusjonen tidlegare i vår og er eit ledd i selskapet sitt auka fokus på tryggleik.

Som tidlegare tilsett kjenner Kløvning Fjord1 godt.

- Eg ser fram til å ta fatt på det viktige sikkerheitsarbeidet i selskapet, og gler meg til å bli ein del av Fjord1-laget att, seier Erling Kløvning.

Kløvning er utdanna maritim ingeniør og sjøkaptein ved nautikk studium ved Maritim Høgskule i Ålesund, og har tatt styrmannsskulen ved Ålesund Maritime Skule.

Han tar over stafettpinnen etter Jan Didrik Lorentz, som var konstituert i stillinga.

Følg smp.no på Facebook