Det var Marit Øien Sæverud (KrF) som kom med dette hjartesukket då fleirtalet i Hareid kommunestyre torsdag kveld sa nei til å innføre eigedomsskatt.

Og det gjorde dei raskt, nærare bestemt på rundt ti minutt. Røystetalet vart 13 mot åtte. Frp, Høgre og fleirtalet i Folkelista røysta imot, medan Ap, KrF, Venstre og Bjørn Overå frå Folkelista gjekk inn for å innføre eigedomsskatt frå 2014.

I løpet av fem år ville eigedomsskatt ha tilført Hareid kommune rundt tjue millionar kroner i ekstrainntekter.

Les meir om denne saka i papirutgåva, fredag.