Det einaste selskapet som forsikrar skog, Skogbrand, har hatt tilbod om gratis forsikring i år i samband med sitt 100 års jubileum. Interessa var ikkje overveldande – sjølv med orkanen Dagmar ferskt i minnet for skogeigarane.

- Berre fire prosent takka ja, seier marknadsdirektør Kjetil Løge i Skogbrand.

Tapt store summar

Frå før var berre litt over ti prosent av alle skogeigarar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane forsikra, medan 60-70 prosent var forsikra på Austlandet. Dermed har skogeigarane på vestlandet tapt store summar etter orkanen Dagmar i jula i fjor.

- Kvifor er det så liten interesse på Vestlandet?

- På Vestlandet er det liten kultur for å drive med skogbruk, og skogeigarane er ikkje klar over verdiane skogen har, seier Kjetil Løge i Skogbrand.

Han trur også det er mange som ikkje har fått med seg at Naturskadefondet har slutta å dekkjeskader på skog.

- Vi slit med å få det kommunisert, og det er lågare bevisstheit rundt dette på Vestlandet, seier Kjetil Løge.

Lågaste premien i Norden

Skogbrand har betalt ut 60 millionar kroner i erstatning etter Dagmar.

- Kva dekkjer forsikringa?

- Verdien av det som er øydelagt, og kompensasjon for at det vert dyrare å drive ut. Forsikringa dekkjer også framtidig verditap på ung skog, seier Kjetil Løge i Skogbrand.

Han opplyser at prisen heller ikkje vert avskrekkande etter at jubileumstilbodet er over.

- Vi har tatt ei krone per dekar, og det er den desidert lågaste premien i Norden, seier marknadsdirektøren i Skogbrand.

Les meir om Skogsatsinga som vart tatt av vinden i papiravisa 27.desember.