- Levie Kristin kom til verda kl. 00:13 i år 2013. Tretten og tretten, seier Anja Sætre, bestemor til Levie Kristin.

Sætre tenkte ikkje over talkombinasjonen før nyhenda om at ho endeleg hadde blitt bestemor hadde sunke inn.

- Det er mitt første barnebarn og eg er sjølvsagt veldig stolt, seier Anja Sætre.

I eit par timar låg ho også an til å vinne kampen om å bli Norges nyttårsbarn.

Les også: Låg an til å bli Norges nyttårsbarn

Ein lang fødsel

Levie Kristin vog 3280 gram og var 49 cm lang. Mor til Levie Kristin, Jeanett Kristine Sætre, kom til Volda sjukehus tidleg kl. 06.00 på nyttårsaftan.

- Vi var veldig spent på utfallet. Kom Levie Kristin til å bli eit av dei yngste borna i 2012, eller eit av dei eldste i 2013, seier Sætre.

To fødslar i kveld

Alt står bra til med både mor og barn. Ved sjukehuset i Volda på nyttårsaftan var det ikkje berre éin, men to fødslar denne kvelden. Volda sjukehus tok i mot det siste barnet for år 2012, og det første i år 2013.

- Vi er berre så utruleg lukkelege, seier bestemor Anja Sætre.