STRYN. – Vi har ressursar, så kvifor skal vi ikkje få byggje ut og tene pengar på dette, seier ordførar Sven Flo (H).

Vatnet renn i strie straumar i Stryn kommune. Likevel blir svært lite av vassressursane nytta til straum.

Tapte kampen

På 1970-og 80-talet var det planar om storstila utbygging av området som er kalla Breheimen. Stryn kommune kjempa for å få bygd ut, men kommunen tapte kampen og verneinteressene sigra.

No vil dagens ordførar ta opp igjen saka.

– Eg vil bygge ut Breheimen og stort sett det vi har av potensial for kraftutbygging, seier Flo.

Regjeringsskifte

For å nå fram satsar Høgre-ordføraren på regjeringsskifte til hausten.

– Det nyttar ikkje å diskutere denne saka med dagens regjering. Dei er største bremseklossen for grøn energi. Dei er ikkje villig til å satse verken på bølgje- eller tidevasskraft heller. Vi må få eit regjeringsskifte med ei regjering som tenkjer annleis, meiner Flo.

– Men Stryn er ein turistkommune. Korleis harmonerer ønsket om kraftutbygging med reiselivsinteressene?

– Det er ikkje ei problemstilling. Det er ei avsporing av debatten å seie at turistane ikkje får dei opplevingane dei er ute etter. Dette er heilt uproblematisk, meiner Flo.

Ny teknologi

Flo viser til at det i Hjelledalen for nokre år sidan blei bygd eit privat kraftverk.

– Der er det i utgangspunktet verna, men utbygginga blei gjort og i dag renn det like mykje vatn om sommaren som når det ikkje var kraftverk der. Det er heller ikkje innsyn frå veg eller nærområde, fortel Flo.

På 1970- og 80-talet var det snakk om å demme opp store område.

– I dag kan ein gjere ting på ein annan måte. Det er kome ny teknologi, og det kan byggjast ut vasskraft skånsamt også i nasjonalparkområde, meiner Flo.

Pengar

Stryn kommune er allereie ein kraftkommune. Blant anna er kommunen gjennom Stryn energi største eigar av Innvik kraftverk. Det er også fleire private småkraftverk rundt om i kommunen. Det er likevel små summar som kjem inn i kommunekassa når ein ser på alt vatnet som renn i kommunen.

– Vi har potensial i forhold til kraftinntekter, men kor mykje har vi ikkje talfesta, seier Flo og viser til nabokommunen Luster i Sogn som også er ein kommune ved Jostedalsbreen og som hentar store inntekter frå kraftutbygging.

tvinnefossen. Olje- og energidepartementet sa i 2010 nei til søknaden om kraftutbygging i Tvinnefossen på Hopland i Stryn. Fossen er ein turistattraksjon, men grunneigarane og kommunen meinte dette fint let seg kombinere med kraftutbygging. arkivfoto Foto: Arkivfoto
vatn. Det meste av vatnet i Stryn renn rett i havet utan å bli nytta til kraft. arkivfoto Foto: Arkivfoto