Pappa Kato Gangstad måtte støtte henne inn på legevakta i Ålesund. Ho var så dårleg at ho gjekk rett forbi dei to, tre som sat der og venta. Ho pusta dobbelt så raskt som det friske gjer. Legen såg på henne. Oppdaga nokre kloremerke på hendene.

– Så sa han at det var angst og at vi berre skulle fare heim igjen.

Kato Gangstad fortel at han såg sjukepleiaren rynke litt på nasen.

– Då legen gjekk ut, sa ho at no gjorde ho noko ho ikkje burde gjere. Men ho hadde sett dette før og gjort ein feil. Det hadde ho angra på sidan. Ho kalla det organsvikt og sa vi måtte få Thea innlagt.

Det vart målt blodtrykk. Det var høgt. Og sidan Thea hadde vore dårleg nokre dagar med oppkast, ville faren at ho skulle få målt blodsukkeret. Det var kritisk høgt. Thea vart frakta med ambulanse dei få hundre metrane frå legevakta til akuttmottaket på sjukehuset. Thea sjølv var vaken, men no etterpå huskar ho ingenting av det.

Det krydde av folk rundt Thea. Alle prøvde å finne ei blodåre der dei kunne få lagt inn ei kanyle til medisin og anna intravenøs væske. Dei stakk og stakk. Til slutt måtte dei bore i leggbeinet for å få gitt henne det som trengdest.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Les også: Klagen vert handsama

Les også: Alvorleg sjuk

Alvorleg

Thea vart liggande på intensiven frå laurdag til mandag. I løpet av halvanna døgn på sjukehuset fekk ho tilført ni liter væske.

Pappa Kato fortel han spurde kva som hadde skjedd om dei hadde følgd rådet frå legevakta og berre fare heim igjen.

– Eg forsto dei slik at det ikkje er sikkert at det hadde gått bra. Då snakkar vi både om koma og i verste fall død.

Mamma Helen Nordheim seier det var heilt frykteleg å sjå barnet sitt bevisstlaus i senga, tungpusta og full av ledningar over alt.

– Først søndag kveld eller mandag morgon visste vi at ho var utanfor fare. Og det er frykteleg å tenke på kva utfallet kunne vore om Thea hadde reist heim frå legevakta.

Bestemor til Thea har sendt inn avviksmelding på det som skjedde.

Ny kvardag

Vel ei veke seinare sit mor Helen og ser på ei sprek Thea i sjukehussenga. Thea kan nesten ikkje vente med å kome seg heim og tilbake til veninner og Blindheim ungdomsskule. Med seg tilbake til kvardagen har ho blodsukkermålar og insulinpenn. Livet vert annleis.

– Men det er som ein lege sa til oss. Thea må lære seg å leve slik vi alle burde leve. Ete regelmessig og rett.

På sjukehuset har Thea fått «trening i» å ha føling. Ho og familien har fått opplæring i å rekne ut karbohydratar og insulinmengder. Det bankar på døra til sjukehusromet og inn kjem veninna Victoria Skuseth. Ho er ei av dei rundt Thea som har fått opplæring i kva som kan skje med Thea og kva ho då bør gjere. Og Thea sjølv har alt vorte ein kløppar i å stikke både seg sjølv og andre. Både journalisten og fotografen får målt blodsukkeret.

– Det var litt ekkelt i starten, men det går greit no, seier Thea.

Signala

Foreldra til Thea vil fortelje denne historia av fleire årsaker. Den eine er å oppmode både foreldre og legar om å stole på foreldra når dei seier at barnet er sjukt.

– Det er foreldra som kjenner barnet best, seier Helen.

Det andre er å få fortalt om diabetes og lære folk teikn på diabetes. Helen er sjukepleiar sjølv og seier ho no etterpå er litt flau over at ho ikkje tok signala på førehand.

– Men dette tok berre tre, fire veker. Thea drakk mykje og var tørst, men ho har alltid vore flink å drikke mykje. I tillegg gjekk ho mykje ned i vekt, men så hadde ho snakka om at ho ville begynne å ete rettare og meir regelmessig. Det var dette med slanking som bekymra oss, og eg hadde snakka med henne om spiseforstyrrelsar.

Uflaks

Det var ikkje slanking. Det var type 1 diabetes. No går ho og familien inn i ein ny kvardag.

– Det blir meir rutinar. Ein kan ikkje berre ta seg eit eple når ein har lyst på det.

Sjølv om Thea kan synst det er litt urettferdig at ho har fått ein kronisk sjukdom, er det berre ein ting som irriterer henne.

– Og det er at folk trur eg har fått type 1 diabetes fordi eg har ete for mykje sukker. Dette har ingenting med kosthald å gjere. Det er ingenting vi kunne gjort for å forhindre dette. Det er berre uflaks.

Følg smp.no på Facebook