Redningsskøyta «Simrad Buholmen» var ute på eit oppdrag litt utanom det vanlege, natt til torsdag, melder Dagbladet.

Eit tips om at ein terrasse låg og dreiv i Nordfjorden viste seg nemleg å stemme, og redningsskøyta tok jobben med å slepe verandaen inn til Måløy.

- Slepet gjekk heilt knirkefritt. Hamnekontoret har overtatt slepet, og ventar no på at eigaren skal melde seg, seier båtførar Marius Strømmen på «Simrad Buholmen» til avisa.

3 x 7 meter og i god stand

Ifølgje Dagbladet er terrassen som er funnen på omlag 3 x 7 meter og i god stand. Gelenderet er kvitmåla og golvet i impregnert materiale.

- Vi har ikkje kome til nokon betre teori enn at det er eit hus i strandakanten som har fått merke kreftene til ekstremveret «Dagmar». Terrassen har truleg blitt skylla inn ein stad, for så å bli løfta ut i open sjø av vannmassane, onsdag, seier Strømmen om kva dei trur er forklaringa.

Torsdag kveld hadde han følgjande kommentar til smp.no:

- Vi trur no at vi har funne eigaren, og er faktisk og ser på den mulege «åstaden» no.

- Huset ligg på Halneset, rett vest for Måløy, men vi har ikkje fått fatt i eigaren enno, seier han - og ler før han held fram:

- Han har dessutan bygt seg ny veranda. Litt lenger oppe enn der den førre låg.

Følg smp.no på Facebook