50-skiltet litt lenger bort på Hakallestranda står nærast som pynt.

– Ja, folk køyrer altfor fort forbi her, fortel mor til Erlend, Ingrid Kragset. Og no når ferjetrafikken mellom Koparnes og Årvik er flytta til strekninga Åram-Larsnes, har trafikken også auka mykje langs bygdevegen på Hakallestranda.

– Så eg tenkte eg ville sjå reaksjonen dersom her kom ei fotoboks, fortel Erlend Kragset.

Reaksjonen kom momentant. Bilane bremsa ved synet og farta vart sett ned.

Les også: Fotoboksen er ikkje ulovleg

Kjeda seg

Det var ein fredagskveld etter han kom frå trening, at Erlend som er bilmekanikarlærling, seier han kjeda seg litt og så tok han seg ein tur opp i garasjen. Internett gav han måla og anna informasjon som han trengde om korleis boksane ser ut, så fann han noko stål og sette i gang. Lakkering og tørking tok også si tid, så det vart nokre dagar før boksa til slutt vart rigga til i hjørnet på hagen.

– Vi såg det alt første dagen. Bilane kom i god fart rundt svingen og så såg vi kor sjåføren hogg i bremsa.

Kva politiet seier til slik heimelaga fotoboksverksemd er ikkje godt å seie, men det vert kviskra om enkelte med politimynde som set pris på redusert fart langs vegen og som meiner at Erlend berre kan lage hol i boksa på baksida og kalle det fuglekasse, så kan boksa berre stå der.

Les fleire bil- og trafikknyheiter på smp.no

Framandfolk

Så langt har Erlend Kragset ikkje fortalt om den heimesveisa fotoboksa til offentlegheita.

– Men bygdefolket veit no det no, då.

– Og kva seier dei?

– Dei seier berre det er genialt, og fleire har sagt at dei også vil ha fotoboksar der dei bur.

Framleis er det framandfolk som kjem i god fart, men som bråbremsar ved synet av den heimelaga fotoboksa. Slik sett verkar den falske boksa på farta enno.

– Men det har begynt å vatnast ut. Så no kan eg berre fortelje det.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Internett ga Erlend måla og anna informasjon som han trengde om korleis boksane ser ut. Foto: Torill Myren