Eid blir med dette den sjette kommunen i Norge, og den første på Vestlandet utanom Bergen, går det fram av ei pressemelding.

- Det er på høg tid å kome frå ord til handling i klimapolitikken. Då må også store og små lokalsamfunn bidra med konkrete prosjekt som gir klimakutt. Vi er glade og stolte over å ta utfordringa, og bli ei av dei første norske klimaspydspiss-kommunene, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Les fleirenyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Ei årsak til at Eid er invitert med i den nye satsinga, er at kommunen dei siste 15 åra har bygd ut det største fjordvarme-anlegget i Norge. Det er ei satsing som gjer at Eid no er nesten 100 prosent forsynt med fornybar energi til oppvarming.

Hovudmålet med Zero sitt klimakommune-prosjekt er å få til konkrete klimagasskutt i kommunane. Eit anna mål er å løfte fram døme på gode prosjekt som også kan gjennomførast av andre kommunar.

Eid blir den sjette klimaspydspiss-kommunen i landet. Dei fem andre er Bergen, Grimstad, Arendal, Tynset og Lier.

Følg smp.no på Facebook