Stortingsrepresentanten frå Hornindal har jobba med saka i fleire år.

– Mange småkrafteigarar er i ein fortvila situasjon, og risikerer å miste livsverket, seier Lødemel.

Grøne sertifikat gir kraftselskapa høgre straumpris. Men mange fall utanom ordninga, og følte seg lurte. Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har fremje eit forslag om lovendringar som opnar opp att døra for dei som fall utanom.

– Det har vore lovnadsbrot frå styresmaktene si side, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa. Selskapet har to småkraftverk som var i posisjon til å få grøne sertifikat, men som likevel ikkje fekk det.

Svik

Småkraftforeininga bruker endå sterkare ord.

– Det var eit svik, seier styreleiar Trond Ryslett.

Striden står om sertifikata til 160 småkraftverk som vart etablert mellom 2004 og 2009.

– Dei som satsa og tok mest risiko vart straffa, står det i lovforslaget frå opposisjonen.

Trond Ryslett i Småkraftforeininga meiner forslaget forpliktar.

– Dette bitt dei til masta. Dersom det ikkje står ved det også etter valet så kjem dei i eit dårleg lys, seier Ryslett.

Tunge tider

Han meiner det politiske utspelet er godt nytt for ein hardt prøva bransje.

– Med fallande kraftprisar, krise i EU, og kollaps i CO2-marknaden vil det bli magre år framover, og då må vi henge oss på dette halmstrået, seier Ryslett.Også høgrepolitikaren Bjørn Lødemel kallar det som har skjedd eit svik.

– Det vi no gjer er å leggje knallhardt press på regjeringa. Og spesielt vil eg utfordre Senterpartiet, som har landsmøte i Loen i helga. Senterpartiet må rydde opp i rotet dei sjølv har vore med å skape, seier Lødemel. Så spørst det kva Høgre meiner - og vil gjere - etter valet.

– Vi skal gjere det vi kan for å rette opp denne uretten, men regjeringa stengde porten i 2011, så det kan vere at vi ikkje klarer å opne han opp att. Så ærlege må vi vere, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre.
Trond Ryslett er styreleiar Småkraftforeininga.