To bilar frontkolliderte på fylkesveg 61 på Eidet i Hareid kommune klokka 07, tysdag.

I bilane var det ifølgje politiet tre personar, der to var uskadd.

- Den tredje, ein mann i 50-åra er frakta til sjukehus i Volda med ambulanse. Han er lettare skadd, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Ulykka skjedde rett ved ei lysregulering som er sett opp i samband med arbeidet med ny gang- og sykkelveg. Lysreguleringa var ikkje igangsett.

Ut frå spor på staden kan det sjå ut som om det er bilen som kom frå Hareidssida som har kome over i motsatt felt.

- Dette vil vidare etterforsking avdekke, seier Franck.

Dei to ulykkesbilane vart taua bort litt over klokka 08.

Det danna seg ein del kø i samband med ulykka.

Kollisjonen skjedde like ved ei lysregulering som var sett opp i samband med arbeid med ny gang- og sykkelveg. Foto: Marius Rosbach