Det seier Ørsta-bonden Odd Bjarne Bjørdal, som også er leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

For ei veke sidan gjekk han ut i Sunnmørsposten, og lova 10.000 kroner i skotpremie til den første som skaut eit freda rovdyr her i fylket.

Reaksjonane let ikkje vente på seg.

Organisasjonen Rovviltets Røst har meldt han til politiet, Naturvernforbundet oppmodar landsstyret i Sau og Geit til å ekskludere Bjørdal og resten av styret her i fylket, og i helga karakteriserte miljøvernminister Solhjell altså Bjørdal sin dusør som miljøkriminalitet.

- Det kan han gjerne gjere, og om så er, går eg gjerne i fengsel for denne saka. Eg får ta det som ein ferie, vi gardbrukarar har jo uansett ikkje sommarferie, smiler fylkesleiaren.

Som har svært lite til overs for den linja SV har ført dei åtte åra partiet har hatt miljøvernministerposten her i landet.

- Galskapen byrja med Heidi Sørensen i 2005. I alle åra sidan har SV, miljøverndepartementet og regjeringa gjort seg skuldige i dyremishandling, tordnar Bjørdal.

- På kva måte?

- Ved å la rovdyra få innpass i beiteområde over store delar av landet. Ulven er ein lystmordar, som går amok og leikar seg med sauer og lam i flokken. Ulven drep ikkje effektivt, men kan også nøye seg med å skade dyr stygt. Vi har sett døme på sauer og lam med opprivne halsar, dyr som pustar gjennom hol og sår i halsen, sår det etter kvart går betennelse og makk i. Det er forferdelege lidingar dyr på beite kan verte utsette for. Alt dette med regjeringa si velsigning, samtidig som dei gjer det umulig å drive beitenæring i delar av dette landet, seier Bjørdal, som meiner forfedrene våre gjorde ein kjempeinnsats på 1800- og starten av 1900-talet.

- Då fjerna dei ulv og bjørn frå fjella våre. Ein innsats vi kan vere svært stolte av, seier Bjørdal.

Les også: Dusør blir politisak

Les også: Lovar 10.000 kroner i ulovleg dusør

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten, tysdag.