Det seier Arnodd Håpnes, fagleiar i naturmangfald i Naturvernforbundet.

Han reagerer svært kraftig på at fylkesleiaren i Sau og Geit, Ørstabonden Odd Bjarne Bjørdal, har utlova skotpremie til den første som feller eit freda rovdyr her i fylket.

Lovløyse

– At ein fylkesleiar i ein interesseorganisasjon går ut og oppmodar til lovlause tilstandar, er sjokkerande. Om ikkje landsstyret dementerer dette, kan vi ikkje lenger samarbeide med dei, seier Håpnes.

Han viser til at Naturvernforbundet, Norsk Sau og Geit, Samtetinget, reindriftsaktørar, WWF og andre sit saman i Kontaktutvalget for rovdyrsaker.

– Vi møtest to gongar i året, og så seint som i 2011 kom vi med ein fellesuttale der alle dei tolv samarbeidande organisasjonane tok skarp avstand frå krypskyting og ulovleg jakt. Så ser vi no at ein fylkesleiar i ein av organisasjonane utlover skotpremie til den første som feller eit freda dyr, seier ein sjokkert Håpnes.

Gift

Han meiner at Bjørdal i måndagsavisa tok nok eit steg vidare ut i uføret:

– Bjørdal uttalte at dersom politikarane ikkje tek grep og endrar rovdyrpolitikken, så vil folk ta lova i eigne hender. Han nemnde gift, det er berre heilt utruleg, og vi kan ikkje samarbeide med ein organisasjon som ikkje tek avstand frå slikt, understrekar Håpnes.

Ingen dementi

Alt tyder på at samarbeidet no er over. For styreleiaren i Norsk Sau og Geit, Tone Våg frå Snåsa, vil verken dementere Bjørdal sine utsegner eller kommentere Naturvernforbundet sitt krav.

– Men eg tolkar Bjørdal slik at han vil gje dusør til den første som feller eit dyr det er gjeve fellingsløyve på, seier Våg.

– Han kan heller ikkje garantere at folk ikkje tek i bruk gift for å bli kvitt rovdyra?

– Nei? Det kan vel verken Bjørdal eller eg garantere. Våre tillitsvalde kjempar for våre medlemmer sine rettar, og det er det ingen grunn til å dementere, seier Våg.

<strong>Naturvernforbundet:</strong> Arnodd Håpnes er fagleiar i naturmangfald i Naturvernforbundet, og stiller ultimatum til Norsk Sau og Geit.