Det sa regionalminister og Sp-leiar Liv Signe Navarsete i eit intervju med Sunnmørsposten på Nordfjordeid fredag.

Navarsete var på Eid som frivillig på rockfesten Malakoff, men klart på spørsmål om valet av E39-trase.

Svært raskt

Både næringsliv og veljarar på heile nordvestlandet ventar i spenning på kva trase den raudgrøne regjeringa vil velje.

– Dessverre kan eg ikkje seie det i dag. Men både Senterpartiet og SV er klare på at midtre trase bør veljast i Nordfjord, sa ministeren.

– Når bør ei samla regjering kome fram til eit standpunkt?

– Så raskt som muleg, og helst veldig snart. Dette bør veljarane få klarheit i før stortingsvalet til hausten, seier Navarsete.

Ho grunngjev det med at det vil vere øydeleggjande for heile Nordfjord/Sunnmøre-regionen om dette viktige samfunnsspørsmålet vert hengande i uvissa lenge.

Bøygen Ap

Navarsete sin partikollega, samferdsleminister Marit Arnstad, la nyleg fram eit forslag om å løyve 400 millionar kroner til strekninga Innvik - Olden, men at bru Anda - Lote vert valt som framtidig E39.

Arbeidarpartiet har førebels ikkje velsigna dette kompromisset.

– Slik vil også indre Nordfjord få betre samband sørover, og om det er politisk vilje til det, kan bompengar i neste omgang finansiere ein tunnel mot Byrkjelo, seier Navarsete.

– Men midtre linje Gloppen – Eid – Volda bør altså vere E39-traseen?

– Ja, det er ikkje berre kortaste veg frå punkt A til B som er viktig, men at stamvegen, byggjer saman viktige bu- og næringsregionar. Difor meiner eg at Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjort eit svært fornuftig vedtak når dei går inn for Hafast, som vil binde saman Volda/Ørsta, Ulstein/Herøy og Ålesund, seier Navarsete, som minner om at det var ho som samferdsleminister i 2008 som kom med ideen om ferjefri E39.

– Fordi det er svært viktig å binde saman det sterkt verdiskapande Vestlandet.

– Er det Arbeidarpartiet som er bøygen når regeringa framleis ikkje har sagt klart frå om E39-trase?

– Ingen kommentar, seier Navarsete, som heller ikkje vil kommentere om forhandlingane med det største regjeringspartiet har vore harde.

Hastar: – Regjeringa må avgjere dette vegvalet raskt, elles vert heile regionen skadelidande, seier regionalminister Liv Signe Navarsete.