Kristiansund-sirkuset Zorba er på turné over heile landet. For fyrste gong avlyser dei no ei førestelling.

Dei skulle ha opptredd på Valdervoll onsdag kveld, men alle plakatane som reklamerte for sirkuset er forsvunne for lengst.

– Eg trur dei blei rivne ned nesten med ein gong, så det er ingen som er klar over at vi skal ha førestelling her i kveld.

Det seier sirkusdirektør Ronja Gujord. Heile sirkuset dreg i staden til Vestnes kor dei skal ha førestelling på torsdag.

Tatt på fersken

Det er ikkje fyrste gongen at sirkuset opplever at plakatar blir fjerna.

– Det opplever vi enkelte gonger. Mellom anna blei mange plakatar fjerna i Sykkylven i samband med førestellinga der på tysdag, seier ho.

Det kom færre enn venta til førstellinga i Sykkylven, difor fryktar ho at så godt som ingen ville ha dukka opp på Valdervoll.

Gujord fortel at ho tok ei kvinne på fersken i å rive ned ein plakat i Sykkylven tysdag.

– Ho gav tydeleg uttrykk for at ho gjorde dette av dyrevernomsyn, seier sirkusdirektøren.

Ikkje eksotiske dyr

Det synest Gujord er urettferdig.

– For vi har ein anna haldning til dyr enn tradisjonelle sirkus. Vi har ikkje eksotiske dyr, bruker berre dyr vi eig sjøl og alle blir behandla bra. Eg vil heller oppfordre motstandarane til å komme innom og sjå og ta opp saka direkte med oss, seier ho.

Torsdag kveld viser NRK ein TV-dokumentar om den 23-år gamle sirkusdirektøren.

Programmet er del av serien «Dei ustoppelege» om viljesterke gründerar og skaparkrafta deira.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Les flere nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Foto: Per Kvalvik