Terje Stokke (32) frå Sæbø var på fjelltur med den jamaldra fjellføraren Sverre Hjelmeland sist tysdag. Dei stilte opp for ein journalist i eit fjellmagasin for å vise fram dei mektige Hjørundfjordfjella. Etter å ha oppsøkt restane av det tyske krigsflyvraket som framleis ligg under austsida av Grøtdalstinden (1.331 m), gjekk dei ein tur til vestsida av tinden. Der er det så storsteinete ulendt og bratt at korkje folk eller dyr plar gå i området. På fjellreportasjetur blir det noko anna.

Ropte

I det Terje Stokke set foten ned langs ein stein, trakkar han på noko brunt og seigt nede i eit urahol.

– Eg såg nærare etter, og oppdaga straks at dette var spor etter menneske. Det gjekk opp for meg at eg stod med restane av ein lærstøvel i nevane, og eg ropte på dei andre, fortel Stokke. Vagt i bakhovudet hadde han den gamle historia frå krigens dagar, om ein soldat som omkom og er gravlagt på Sæbø. Og om ein annan som hoppa ut frå eit anna fly og overlevde. Altså piloten av flyet som styrta inn i Grøtdalstinden og som mange har vitja vraket av opp gjennom tiåra.

Aha-opplevinga

– Det vart til at eg la støvelen tilbake og merka funnstaden. Deretter heldt vi fram prosjektet med journalisten, fortel Stokke, som sette seg nærare inn i detaljane i den skriftlege delen av krigshistoria ved Hjørundfjorden om kvelden.

– Eg las om soldaten som kom ned i Follestaddalen over eit døgn etter styrten, og som hadde berre ein støvel. På den andre foten hadde han surra feltjakka si, står det fortalt. – Der og då gjekk det opp for meg at det var den sakna skinnstøvelen til piloten vi hadde funne dagen før, opplyser Stokke. Då veret ikkje var det beste for tenkt ekspedisjon dagen etter, var ikkje karane seine med å gå til funnstaden.

Stadfestinga

Komne til bygds att, fekk dei endeleg og definitivt stadfesta funnteorien sin av den lokale krigshistorikaren Arnold Hustad (68). Han har studert konsekvensane av den veldige luftkampen over Hjørundfjorden om ettermiddagen den 16. februar 1945, då heile fire av fem fly i skvadronen styrta ved Hjørundfjorden. I tillegg til dette ved Grøtdalstinden styrta eitt i Breifonndalen. Flygaren Wolfgan Kint omkom og er gravlagt på Sæbø. Det tredje styrta ved fjellet Saksa i Urkedalen, der overlevde den eine av to ombord. Det fjerde styrta i fjorden ved Stennes, og det femte i fjorden mellom Hareid og Sulesund. Arnold Hustad vart sjølv fødd nokre dagar etter det store flyslaget nær heimstaden i Bondalen, men har opp gjennom alle år høyrt historiene og dramatikken på folkemunne.

– Eg vart bergteken, og så interessert at eg til sist lukkast med på spore opp familien til omkomne Wolfgang Kint i Wien. Dei har eg no vitja fleire gonger, fortel Hustad. Han er oppglødd over funnet dei to sambygdingane gjorde i høgfjellet sist veke, for å seie det mildt.

– Ja, for meg er det sensasjonelt at dei på noko som helst vis kunne slumpe til å sjå støvelen, i dette vidstrekte og særs ulendte terrenget. Kanskje fordi det er spesielt snøfattig i år.

– Utruleg er det også at det finst noko att av pilotstøvelen, etter snart sytti år under snø og is - og med fonner som går heile vintrane i slikt terreng, konstaterer Hustad. Han har sjølv samla fleire effektar frå flygaren, som ingen veit namnet på den dag i dag.

– Etter eit døgn utandørs, tok han seg ned til John Aarsæter i Follestaddalen. Der fekk han det beste stell, og som takk gav han den snille nordmannen feltgummibåten han hadde hatt i beredskapssekken han hoppa frå flyet i lufta med. Og ikkje minst, kolsyreflaska - som heldt i fleire sesongar seinare til å blåse opp båten med. Piloten hadde brukt båten som kjelke i den stupbratte sida ned frå Koppedalen.

– Fallskjermen hans hamna på Standal, og vart brukt til stoff i brudekjolane i eit dobbeltbryllaup der, smiler Arnold Hustad. No vonar han det finst nok effektar til at det kan etablerast eit minikrigsmuseum på Sæbø.

– Etter støvelsfunnet i høgfjellet, hadde det vore spesielt fint om vi kunne få samla dramaet på ein stad, drøymer Arnold Hustad om.

Følg smp.no på Facebook

Terje Stokke vart mildt sagt overraska då han fann støvelen (Klikk på bildet for å lese saka til magasinet). FOTO: HANS KRISTIAN KROGH-HANSSEN/UTEMAGASINET.NO
<strong>Fallskjermfestet:</strong> Tysk toppkvalitet fornektar seg ikkje - dette firepunkts beltefestet frå piloten som hoppa ut bak Grøtdalstinden ville neppe vorte laga betre i dag.
<strong>Fottøy:</strong> Ikkje sikkert fjellskoa til finnar Terje Stokke hadde hatt same kvalitet etter sytti år?
<strong>Solid sole:</strong> Bortsett frå gangslitasje frå før flystyrten, er denne støvelsolen upåverka av ver og vind gjennom snart sju tiår i høgfjellet. Merket syner at han garantert og originalt tilhøyrde Luftwaffe.