Frå verdas kanskje mest hektiske by – til verdas kanskje mest harmoniske og idylliske landskap. Det blir kontrasten på Times Square i New York når Fjord-Norge neste år viser fram Vestlandet.

Meir enn 20.000 nordmenn har stemt fram dei 10 flottaste opplevingane Vestlandet har å by på.

Ifølgje kåringa hos Fjord-Norge er det desse ti:

Geirangerfjorden, Strandafjellet, Indre Nordfjord, Preikestolen, Lysefjorden og Kjerag, Bergen, Trolltunga, Hardangerfjorden, Nærøyfjorden og Kristiansund.

Fire til topps

Deretter spurte Fjord-Norge om Dagbladet.no ville ta avstemminga vidare.

Her gjekk Indre Nordfjord og Geiranger gjekk heilt til topps.

– Vi tilbaud Dagbladet å ta denne siste avstemminga. Vi ønskjer jo å skape reiselyst også hos austlendingar, smiler adm.dir. Kristian Jørgensen i Fjord-Norge.

Men neste år er det altså New York som får særleg merksemd.

– Vi satsar på å køyre bilda på ein stor reklameplakat, og bytte ut bilda undervegs. Det blir også eit større arrangement for å få merksemd mot Vestlandet, seier Jørgensen til Smp.no.

Toppen av marknadsføring

Men det finst marknadsføring som er enno viktigare enn å vise seg fram midt i New York, minner Jørgensen om.

– Verdas beste og mest truverdige marknadsføring av eit reisemål blir gjort ved at turistar og innbyggjarar deler sine favorittopplevingar med vener og kjende. Dei beste historiene kan alle vere med og skape, seier Fjord-Norge-sjefen.