Skiprodusent har laga reklamefilm for Sunnmøre og for seg sjøl.

Sjå video over

– Vi hadde kjempeflaks med forholda, med strålande pudderføre, seier markedssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Skiprodusenten Salomon reiser over heile kloden for å vise fram det dei meiner er det beste og mest spektakulære som kan opplevast med ski på beina, fortel marknadssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

BILDESERIE: Sjå filmteamet sine eigne foto

I mars i fjor besøkte teamet Ålesund og Sunnmøre for å spele inn ein episode av webserien «Salomon Freeski TV».

– Signala frå Salomon-teamet er at denne episoden er blant dei aller beste dei nokon gong har produsert, fortel Skrede

Det er forventa at denne episoden hamnar på rundt 200.000 visningar.

– Sunnmøre er eit fantastisk område for frikøyring på ski, seier svenske Andreas Fransson til det norske skimagasinet FriFlyt.

Han har ei sentral rolle i filmen saman med dei meritterte frikøyrarane Chris Rubens og Greg Hill.

Foto: Oscar Almgren
Oscar Almgren Foto: Privat