Kommunane i Møre og Romsdal har gjennomført eit omfattande samarbeid om ei mengd tenester. På mange område har kommunane også valt sine geografiske område for samarbeid.  –Det er heile 253 formelle samarbeidsordningar mellom kommunane i Møre og Romsdal, opplyste Geir Vinsand i Nevi Analyse på kommunekonferansen i Ålesund.

Følgsmp.no på Facebook

39 samarbeidsavtalar i snitt

Han gav grovt sagt det inntrykket at det einaste som ikkje er endra på er kommunegrensene. Det er samarbeid om alt frå IKT til barnevern, regionråd, skjenkekontroll, lækjarvakt og kvar kommune har jamt over 39 samarbeidsavtalar med sine naboar. Ålesund er senter for 10 kommunar i barnevern.

Fleire område

Hovudsamarbeidet er dei fire IKT-regionane og byane er motoren i samarbeidet.  Men det er samarbeid om alt som 110-sentralen, vassverk, landbruk, renovasjon og nesten  alt mogeleg.

Enkelte kommunar samarbeider om så mykje at dei knapt har oversynet.

På Sunnmøre er det heile 96 samarbeidsordningar, men Molde ligg på landstoppen i integrering. Radio Storfjord er den einaste interkommunale radioen i landet.