– Det vi såg var ei ørn som sat oppå ei anna ørn som låg på ryggen, fortel jeger Asgeir Heggen frå Valldal.

Heggen er på hjortejakt og kom over det uventa synet ved Alvestad i Valldal i Norddal kommune.

Etterpå vart den eine ørna sitjande att på bakken med skader. Høgrevengen hang ned.

– Vi lurte på om vengen kunne vere knekt, fortel Heggen til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Kontakta politi og naturoppsynet

Dei gav seg tid, og tok kontakt med politiet og med Statens naturoppsyn.

– Etter ei stund var ørna i lufta nokre sekund, såpass at vengen truleg ikkje er knekt. Så sette den seg ned att.

Dei to jegarane ville ikkje prøve å gå nær. Dei var heller ikkje så lystne på å fange den for å undersøke nærare fuglen med dei kraftige klørne.

Territoriekamp?

Hjortejegerane er usikre på om dei to ørnene hadde slåstkamp. Det er heller ikkje fugleekspert  Alv Ottar Folkestad heilt sikker på.

Han reiste laurdag til Valldal for å finne ut kva som var gale med ørna.

– Eg har ein mistanke om at det er territoriekamp. Eg vil ikkje vere for kategorisk, men det er vanleg hos havørn, og truleg også hos kongeørn. Når havørn har territoriekamp, er det vanlegvis hann mot hann eller ho mot ho. Og det er oftast hoene som har territoriekamp, seier Folkestad.

Fanga ørnen

Ved 17-tida opplyser politiet at Folkestad har fanga ørnen med «kampskadane», og vil ta fuglen med et veterinær.

Han kunne då slå fast at fuglen var om lag 6-7 år gamal. Planen vidare er å sette fuglen ut i terrenget igjen.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

God tid

Når folk kjem på slike dyr, er det viktig å gje seg god tid, seier den kjende fulgleeskperten.

– Det viktige er å gje seg tid til å finne ut kva problemet eigentleg er. Der er sjølvsagt skader som ikkje lar seg reparere utan omstendeleg behandling. Men det viser seg at  ein utruleg stor andel av ikkje minst ørn som berre har skader mellombels. Nokre gonger treng dei også veldig kort tid, seier Folkestad.

Kongeørna er totalfreda i heile landet.

Alv Ottar Folkestad. Foto: Roger Engvik
Den skadde ørna viser midt på dette mms-bildet. Foto: Asbjørn Heggen