Saka om den døde selen som vart funnen fastknytt i eit tau og med oppskoren rygg, i fjøra på Oksebåsen ved Valderøya i helga, blir no undersøkt av politiet.

- Lensmannen i Giske ser nærare på saka, stadfestar operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

- Kva som har skjedd er framleis ikkje på det reine, og politiet ønskjer tips frå publikum. Det beste er sjølvsagt om den eller dei som har gjort dette tar kontakt og kjem med ei forklaring, alternativt ber vi om at andre som kan ha opplysningar, tek kontakt, legg han til.

Med bakgrunn i funn og observasjonar av døde fuglar både ved selen, men også i sjøen, ser politiet spesielt på om dyret kan ha vore brukt som åte.

Og, fortel Håkon Slutaas, rådgjevar ved regional- og næringsavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune: Med ein del føresetnader til grunn, kan selen faktisk ha vore del av ei lovleg åtejakt.

- Selen må ha vorte avliva på rett vis, eller tatt i bruk som åte etter å ha vore funnen død ein stad. Vidare skal det at det blir lagt ut åte meldast til Mattilsynet, og så må det jo vere jakttid på viltet, fortel han. Medan fylkesmannen har ansvar for dei freda artane, ligg ansvaret for det jaktbare viltet nett hos fylkeskommunen.

- Er det jakttid på nokre fugleartar denne tida av året. Måse til dømes?

- Ja – og nei. Det var nyleg jakttid på svartbak og gråmåse:  Frå 21. august og ut februar, faktisk. Men jakttida gjeld berre dei spesifikke artane. For eksempel var det ikkje lov å ta krykkje eller fiskemåse, seier han.

- Elles er det viltlova som regulerer også dette med åtejakt. Lova seier berre så lite om denne typen jakt, legg han til.

Lensmann i Giske, Lars Tolo fortel til Sunnmørsposten at dei har vore i kontakt med både Mattilsynet og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal for å få hjelp i saka. I og med at det er fylkeskommunen som er rett instans, har fylkesmannen sendt saka vidare til desse.

- Når det gjeld fylkeskommunen har også vi fått dei same tilbakemeldingane - om at selen faktisk kan ha vore del av ei lovleg åtejakt. Når det gjeld Mattilsynet, så ventar vi framleis på svar.

- Uansett svar tenkjer politiet seg ut for å sjå på selen med det første, seier han.

Følg smp.no på Facebook