Det seier kommunikasjonssjef Trine Kvalheim i Helse Møre og Romsdal til smp.no.

Helseføretaket er sett i beredskap som følgje av problema med telenettet.

Følg vår direkteblogg nedst i saka

113 fungerer

AMK-sentralane både i Ålesund og Molde fungerer, men utfordringa er for publikum som ikkje når ut på telefon.  Kvalheim oppmodar folk om å prøve både fasttelefon og abonnement både hos Netcom og Telenor.

- Viss ein ikkje når gjennom på telefon, kan ein møte opp på næraste sjukehus, legekontor eller ambulansestasjon for å få øyeblikkeleg hjelp, seier Kvalheim.

Ikkje meir trykk

Drifta ved alle sjukehusa i fylket går som normalt, trass i telefonproblema. Og Kvalheim kjenner ikkje til at det har vore spesielle hendingar som følgje av problema med telenettet.

Helseføretaket vurderer om det er behov for å ta inn meir folk ved AMK-sentralane, men dei har så langt ikkje merka meir trykk enn vanleg. Det har difor ikkje vore nødvendig å auke opp bemanninga ved sentralane.

- Kva tenkjer du om at slike problem kan oppstå med telenettet?

- Vi øver på slike situasjonar gjennom året for å vere best mulig førebudde. Situasjonen no viser at vi er sårbare, seier Kvalheim.