Då Svinøy fyr vart avfolka, leigde reiselivsselskapet 62 grader Nord bygningane på øya. Øya vart bygd opp som eit eksklusivt og eksotiske reisemål for ei lita, men betalingsvillig målgruppe.

Følgsmp.no på Facebook

Gjestene vart frakta ut med helikopter, og det var snakk om fire til åtte turar i året - inkludert flyging til vedlikehaldsoppdrag.

Politisak

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viste til verneforskriftene for naturreservatet og sa at helikoptertrafikk berre kan gjerast i samband med vedlikehaldsarbeid.

Kystverket har vore ein pådrivar, for å få ei avklaring i spørsmålet, men saka har vorte liggjande i departementa i over eit år. Denne veka kom det omsider svar, og miljødepartementet opnar døra for at det kan bli turisme på Svinøya igjen.

Vil prøve igjen

Styreleiar i 62 grader Nord, Knut Flakk, seier at får ein til ein fornuftig avtale om bruk av Svinøya, er dei klare for å sende ny søknad om bruk av Svinøya.

Flakk seier det no kjem an på kva tid det offentlege vert ferdig med si avklaring om Svinøya.

– Men kanskje kan vi få første turistane på plass til første hauststormen?

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Fornuftig bruk

Harald Tronstad, regiondirektør i Kystverket, er også fornøgd med meldinga frå miljødepartementet.

– Departementet har forstått det fornuftige i etterbruk av desse kulturminna, og i samarbeid med 62 grader Nord kan ein no bevare kulturminnet på Svinøya.

Ulf Lucasen, konstituert assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, seier dei treng ei nærare avklaring og vil ta kontakt med departementet. Dei ønskjer ei presisering og klar beskjed om kva som no er forventa av dei.

<strong>Ut mot havet:</strong> Langt til havs ligg Svinøya og byr på heilt spesielle naturopplevingar. Regiondirektør i Kystverket Harald Tronstad er glad for at det no kan bli meir bruk av øya, og viser til målingar som Kystverket har gjort som viser ei nesten dobling av talet på hekkande fugl på Svinøya - trass i helikoptertrafikk. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Klar:</strong>– Positivt, seier styreleiar i 62 grader Nord, Knut Flakk, om meldinga frå Miljødepartementet.
<strong>Kulturminne:</strong> Kystverket har vore pådrivar, for å få ei avklaring på etterbruken av bygningane på Svinøya. Arkivfoto: Karl-Petter Løvoll Foto: Karl-Petter Løvoll