Ei kvinne i 40-åra frå Sunnmøre blei tidlegare i mai dømd til tre år og ni månader i fengsel for vald og seksuelle overgrep mot eigne barn.

Kvinna meiner ho verken har medverka til seksuelle overgrep eller gjort seg skuldig i straffbare fysiske overgrep mot barna sine. No har ho anka dommen på tre år og ni månader fengsel.

– Ho har heile tida hevda at ho ikkje har medverka til seksuelle overgrep, seier advokat Atgeir Almestad som er forsvarar for kvinna som no har anka dommen frå tingretten.

Strengt regime

Forsvararen legg til at kvinna også meiner at eventuelle fysiske overgrep ikkje er ramma av straffelova og at ho heller ikkje skulle ha vore dømd for dette.

Tingretten meiner på si side at det er bevis for at tre barn i fleire år levde i eit strengt regime i heimen, med vald, mishandling og seksuelle overgrep.

Og retten fann ikkje noko formildande i at mora opprinneleg kjem frå eit land der skal vere meir vanleg at foreldre slår barn.

Føler urett

Kvinna sin tidlegare ektemann har tilstått alt han var tiltalt for, og han er dømd til sju år og sju månader fengsel. Han må også betale over ein halv million kroner i oppreisingserstatning til dei tre barna.

– Korleis opplevde kvinna dommen?

– Det var tøft for henne, for ho meiner at dommen er feil. Ho føler seg urett dømd, seier Almestad.