Eit jaktlag på åtte personar drog natt til fredag ut på ny ulvejakt i Sykkylven.

– Vi fekk melding om at ein ulv var observert i Grebstadhagen, ikkje langt frå Sykkylven sentrum. Dette var rundt midnatt, seier Kjell Perry Drotninghaug, leiar i viltnemnda i Sykkylven.

Ingen spor

Men jaktlaget kunne ikkje sjå spor etter ulven, og etter å ha tråla området på kryss og tvers fram til klokka fem om morgonen, ga dei opp.

– Hald sauene heime

– Vi har jegerar som er klare til å rykkje ut på kort varsel, seier Kjell Perry Drotninghaug.