– Det er sjølvsagt positivt at dei no endeleg vil fjerne olja slik at vi unngår at det piplar ut meir olje. Men eg gjev meg ikkje før heile skipsvraket er fjerna. Han kan ikkje bli liggjande her hos oss, seier Petter Lyshol (H), ordførar i Sykkylven.

Det er Lill Veronika Benjaminsen, seniorrådgjevar i Kystverket, som no stadfestar overfor Sunnmørsposten at det skjer noko med trålarvraket som har lege på sjøbotnen i Hundeidvik sidan 1. juledag 2011:

Tilbod

– Vraket skal tømmast for olje. Det er bestemt. Vi begynner no å arbeide med utlysingsdokumenta, og håper å ha lyst ut oppdraget før ferien, seier Benjaminsen.

– Korleis skal skipet tømmast?

– Det er ikkje avklart enno. Dette er noko dei ulike tilbydarane må kome med framlegg om, så skal vi vurdere dei ulike tilboda, seier seniorrådgjevaren ved Kystverket si beredskapsavdeling i Horten.

Ho forstår godt at lokalbefolkninga i Sykkylven ikkje er fornøgd før heile skipet er borte:

– Men det er i grunnen ikkje vårt hovudansvar. Vi skal først og fremst sjå til at det ikkje oppstår lekkasje frå vraket.

Erfaringar

Benjaminsen seier at det er fleire selskap i Norge som har lang erfaring med å tømme skipsvrak for olje, og at det neppe blir nok problem å få til dette også i Hundeidvik.

Ordførar Petter Lyshol seier at statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) har lansert ideen om eit spleiselag for å få fjerna skipsvraket. Då må både kommunen, kaieigar, fylkesmann og departement bidra. Lyshol har tru på ei slik løysing.

Treigt

Han er derimot ikkje imponert over tempoet i denne saka, ettersom det no har gått to og eit halvt år sidan orkanen «Dagmar» sørgde for at den russiske trålaren forliste ved kaia i Hundeidvik.

– Det er ikkje godt nok for Sykkylven kommune at trålaren sidan då har blitt liggjande der, og eg kjem til å halde presset oppe i denne saka til han er fjerna, slår Lyshol fast.

Lill Viktoria Benjaminsen i Kystverket strekar under at dersom det skulle oppstå ein akutt lekkasjesituasjon må dei aksjonere før dei har planlagd.

<strong>VRAKDELAR:</strong> Ordførar Petter Lyshol ser på lause delar frå trålaren «Krasnoselsk» som gjekk ned ved kaia i Hundeidvik. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS Foto: TERJE ENGÅS