I juli i fjor lova Ørsta-bonde og leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, at han ville betale ein dusør på 10.000 kroner til den første som skaut eit freda rovdyr i fylket.

Reaksjonane var kraftige. Organisasjonen Rovviltets Røst melde han til politiet, og Naturvernforbundet oppmoda landsstyret i Sau og Geit om å ekskludere Bjørdal og resten av styret i fylket. Dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell karakteriserte Bjørdal sin dusør som miljøkriminalitet.

Men Bjørdal sto på sitt.

- Om så er, går eg gjerne i fengsel for denne saka. Eg får ta det som ein ferie, vi gardbrukarar har jo uansett ikkje sommarferie, sa Bjørdal til Sunnmørsposten, og lova at dusøren ville verte utbetalt.

Godtgjersle

- Kva skjer med denne dusøren no som ein ulv er skoten i Sykkylven?

- Det er ikkje snakk om ein dusør, men heller ei godtgjersle som til dømes kan brukast til opplæring av framtidige jegerar. Vi har eit skriftleg vedtak om godtgjersle til den som først feller eit freda rovdyr. Det er ikkje ein premie, seier Bjørdal i dag, og legg ikkje skjul på kva han meiner om rovdyr.

- Femte juni bør vere offisiell flaggdag i Møre og Romsdal etter at ulven i Sykkylven vart skoten, seier Bjørdal.

Manglar kompetanse

Ørsta-bonden meiner jaktlaga manglar kompetanse, og meiner seg motarbeida av det offentlege.

- Det offentlige vil ikkje være med å betale, og jaktlaga manglar kompetanse. Vi håper at denne godtgjersla kan brukast til å byggje denne kompetansen, seier Bjørdal.

Han meiner og at instansane som gjev fellingsløyve eigentleg ikkje vil at dyra skal fellast.

- Vi får for mange restriksjonar på jakta. Ikkje får vi lov til å bruke hund, og vi får heller ikkje nok midlar til å gjennomføre jakta. Både hos Fylkesmannen og i Ørsta kommune vil dei at vi skal mislukkast med jakta, seier Bjørdal, som legg skulda på organisasjonar som Naturvernforbundet.

Veit ikkje kva dei snakkar om

- Er du budd på å ta straffa om dusøren blir funnen ulovleg?

- Det er ikkje ein dusør. Eg kan ikkje sjå at det er eit problem at vi driv med opplæring av jegerar, seier Bjørdal.

- Då dusøren vart utlova, sa du at du hadde fått trugsmål frå rovdyraktivistar. Har noko liknande skjedd i samband med denne saka?

- Ikkje det eg veit, men eg les heller ikkje kommentarfelt og slikt på nettet. Naturvernforbundet og andre bør stikke fingeren i jorda og sjå på skadane rovdyra gjer. Dei har ikkje forståing for det dei snakkar om, seier Bjørdal.