Hans Grønlien vil bygge eit kapell til minne om kona si på øya Eika ved Eiksund.

Saman med dei andre partshavarane i eigedommen på Eika, har han søkt kommunen om å få lov til å bygge kapellet.

Ideen om eit kapell er gammal, men ifølge søknaden vart han teken fram att då kona til mannen døydde i fjor haust.

Kapellet skal etter planen plasserast ved Klungsvågneset.

– Området er som skapt for føremålet. Lite støy når fram til staden, slik at stilla og freden lett pregar området, heiter det i søknaden som er forfatta av Per J. Havåg.

Søkaren meiner Klungsvågneset får auka verdi også som natur- og friluftsområde.

Verken fylkesmannen eller fylkeskommunen har noko imot at kapellet blir bygd.

Saka skal opp i teknisk utval i Ulstein kommune 2. juli. Teknisk etat tilrår at det blir gitt dispensasjon til bygging av kapellet.

Her skal kapellet etter planen plasserast. Vi ser Eiksund øvst i bildet, og hovudvegen med Eiksundbrua til høgre for kapellet. Foto: Ulstein kommune