Det var fire personar involvert i ulukka på europaveg 39 søraust for Volda. Ulukka skjedde ved Ullaland, nær Selvikberget, i dei slake bakkane mellom Årsettunnelen og Hjartåbergtunnelen. Ulukka vart meld klokka 18 sundag ettermiddag.

Tilstanden til ein av dei skadde var alvorleg og livstruande sundag kveld. Ein mann midt i 40-åra har alvorlege skadar i mageregionen. Mannen er operert ved Volda sjukehus og situasjonen til mannen blir av AMK-sentralen karakterisert som livstrugande i 22.30-tida.

Mandag morgon meldte AMK-sentralen at mannen var utanfor livsfare.

Ei kvinne midt i 60-åra ligg ved Ålesund sjukehus, og har alvorlege skadar, men ikkje livstrugande.

Ein mann tidleg i 40-åra har brot- og sårskadar og ligg ved Ålesund sjukehus. Han er alvorleg skadd, men ikkje livstrugande, opplyser AMK-sentralen til smp.no i 22.30-tida.

Det same gjeldt ein mann (49), som og vart frakta til sjukehuset på Åse etter ulukka.

Fastklemde

- To personar sat fastklemt i den eine bilen og vi har rekvirert kranbil for å bistå i redningsarbeidet, seier Overøye.

I den eine bilen sat eit ektepar heimehørande i Volda kommune. I den andre bilen befann det seg to polske menn, heimehørande i Stranda kommune.

Sjå video frå ulukkesstaden i videovindauget

Tre er alvorleg skadd

- To personar måtte frigjerast frå bilvraka. Tre personar vart frakta til Ålesund sjukehus. Ein person vart frakta til Volda sjukehus kor han vart teken under handsaming umiddelbart, opplyser Johan Arnt Overøye.

I alt tre personar vert karakterisert som alvorleg skadd.

- Vegen forbi staden var stengt i ei lengre periode og det samla seg lange køer i begge retningar. Klokka 19.33 vart vegen åpna for fri ferdsle, seier Overøye.

- Det vart gjort undersøkingar på staden, og det blir satt i gong etterforsking av saka, opplyser han.

Politiet har ikkje mistanke om promille- eller ruskøyring.

Frigjort

Klokka 18.45 melde politiet at dei to som var fastklemd var frigjort.

Ifølgje vår reporter har ambulansehelikopter vore på staden. Det letta frå ulukkesstaden med minst to skadde personar om bord, etter at dei først fekk behandling av helsepersonell på staden.

- To personer blir frakta til Ålesund sjukehus med alvorlege skader, opplyste Sunnmøre politidistrikt på Twitter i 18.40-tida.

Hjartåbergtunnelen var stengt ei periode, men opna att sidan ulykka skjedde eit stykke utanfor tunnelen, opplyser politiet.

Lange køar

Det var lange køer på Kvivsvegen etter ulukka. Hjartåbergtunnelen vart halden stengd ein periode etter ulukka.

Klokka 19 melde politiet at bilberging pågikk og ein arbeidde då med å fjerne dei to bilane.

- Bilane er no fjerna og vegen opna att. Det kan være glatt forbi ulykkesstaden. Entrepenør er varsla om dette, opplyser politiet i 19.40-tida.