Mørenot aquaculture AS har vore med i utviklinga av eit alarmsystem som under testing viser monaleg reduksjon av rømt laks i oppdrettsanlegga. Søvik-bedrifta har i samarbeid med Havtek i Trondheim funne ein metode for å strikke inn ei straumførande leidning i nota på merdane.

På den måten blir det aktivert ein alarm når det blir brot på nota, og oppdrettaren blir varsla tidleg, og kan setje i verk tiltak for å hindre rømming.

Følg smp.no på Facebook her

Stor trugsel

Mil­jø­di­rek­to­ra­tet skriv at lak­se­lus og rømt opp­dretts­fisk er dei to størs­te trugs­la­ne mot den nors­ke villak­sen. Det fø­rer til ge­ne­tis­ke end­rin­gar og dår­le­ga­re pro­duk­ti­vi­tet hjå villak­sen, som al­le­reie er sterkt tru­ga.

Tal frå mil­jø­di­rek­to­ra­tet sy­ner at inn­si­get av laks til nors­ke­kys­ten låg på 1,2 mil­li­o­nar laks i mid­ten av åt­ti­åra. I dag ligg ta­let på om lag 0,5 mil­li­o­nar. I 2013 vart det re­gist­rert 198.000 rømningslaks frå nors­ke an­legg.

Fer­dig­tes­ta

El-nota har stått til tes­ting si­dan jul ved eit av Sal­ma sine an­legg i Trøn­de­lag. Då dei tok nota opp att i mai, kun­ne dei sjå at tek­no­lo­gi­en fun­ger­te som for­ven­ta. Det var ein gjeng med NTNU-stu­den­tar som kom opp med ide­en, og star­ta fir­ma­et Havtek for to år si­dan. Sam­ar­bei­det med Mø­re­not har vore svært vik­tig, sei­er Sven Kol­stø i øko­no­mi og mark­nads­av­de­lin­ga til Havtek.

– Å ha ein samarbeidspartnar så nærme geografisk, som har vore med gjennom heile utviklinga er viktig. Dei forstår språket og kulturen. Vi er avhengige av ei vilje til å samarbeide med oss. Og samarbeide, det vil sunnmørsbedrifta.

Les fleire næringslivsnyheiter her

– Planen er at vi skal vere med når produktet skal kommersialiserast fullt ut. Vi har trua på prosjektet, og vil vere med om det viser seg å bli ein suksess, seier Bente Lund Jacobsen, administrerande direktør i Mørenot aquaculture AS. Om alt går etter planen, kan el-nota vere til sals allereie i 2015.

– Målet er å finne løysingar som er effektive og billige, seier Kolstø, som har hatt med Salma i utviklinga. Han seier næringa sjølve har vore positive til nyvinninga, men det er viktig å finne løysingar som er billige nok.

Her er gjengen fra Havtek i ferd med å sette ut prototypen av nota, som har stått til testing i Trøndelag i eit halvt år. Foto: Havtek
Når det går hol på ei el-not, vil oppdrettaren bli varsla med ein gong. Slik vil ein kunne begrense rømminga av laks. Illustrasjon: Havtek