Etter ein høglydt krangel i vår vart ei kvinne i 40-åra på Sunnmøre valdeleg mot sin 12 år gamle son.

Kvinna slo sonen 11 gonger i ansiktet, overarm og skulder, ryggen og på oversida av handflatene med ei steikespade i tre. Då ho slutta å slå hadde kjøkkenreiskapen delt seg på langs.

I tingretten var kvinna tiltalt for lekamsskading under særdeles skjerpande omstende.

Dømd til fengsel

Kvinna erkjende seg skyldig etter tiltalen og avga forklaring i retten.

Retten meinte at i saker om familievald måtte allmennpreventive omsyn leggjast særleg til grunn.

Den tiltalte kvinna var tidlegare ikkje straffedømd.

Ho blei dømd til 105 dagar i fengsel, etter eit fråtrekk på femten dagar for tilståinga.

Tilkalte politiet

Krangelen starta medan kvinna hjelpte sonen med skulearbeidet. Han sat først, men stod oppreist medan slaga blei tildelt.

Då gutens far kom til første etasje der hendinga fant stad nekta kvinna han å ta den fornærma og broren ut av huset.

Då ektemannen saman med eit nabopar etter kvart fekk guten ut i ein bil måtte han stå mellom tiltalte og sonen i bildøra som var open.

Dei valde då å tilkalle politiet. Politiet måtte fysisk ta med seg tiltalte tilbake inn i huset slik at den fornærma kunne fraktast til naboen.

Skjerpande omstende

Retten fant det skjerpande at valden blei utførd av ei mor mot sonen i heimen i samband med skulearbeid.

Mora var fysisk overlegen sonen. Det at det vart delt ut 11 slag gjer at retten ikkje ser det som ei affekthandling.

I dommen står det at valden var uprovosert og blei utøvd i ein daglegdags situasjon der barnets behov for tryggleik er stort.

I tillegg til konsekvensane av vald frå foreldre i heimen legg retten til vekt at det blei gjort i samband med læring. Sonen hadde allereie utfordringar i skulekvardagen og retten meinte at valden lett kan ha negative konsekvensar for læringssituasjonen til guten.

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix