– Han er mørbanka men elles like heil, fortel arbeidsgjevar Ragnvald Flåten til lokalavisa Fjordingen.

Sjåføren frå Flåten Termotransport i Stryn satt fastklemd i vraket av traileren i to timar etter den dramatiske utforkøyringa ved Grotli. Men etter å ha vorte frigjort og brakt til sjukehus, vart det konstatert at mannen slapp frå ulukka utan alvorlege skader.

Torsdag vart mannen utskriven frå Ålesund sjukehus.

Vogntoget med kjøtvarer gjekk først i grøfta på høre sida av vegen, deretter over vegen og hamna oppned i venstre grøft.

Der vart kjøretøyet liggjande med vognhuset fullstendig samantrykt. Tenden og Flåten seier vraket er noko av det verste dei har sett og meiner det knapt er plass til ein person i det vesle rommet som er att i førarhytta.

Sjåføren har fått tilbod om hjelp frå Kollegahjelpa i regi av Norges Lastebileigarforbund og alle sjåførane har fått formaningar om å køyre forsiktig.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Slik vart traileren liggjande etter ulukka på riksveg 15 i Skjåk tidlegare i veka. Foto: Smp-tipser