Alarmsentralen Sogn og Fjordane fortel til smp.no at det er har vore fire brannar i Eid kommune, og at det har med lyn- og tordenvêr. Den siste av brannen, som var ved Stårheim, er no også sløkt. Åtte personar blei evakuerte, men har no fått kome heim.

- Det er ingen fleire brannar i distriktet no. Då brannvesenet kom fram, var den allereie sløkt av ei regnskyll. Det fekk vi melding om klokka 19.34, seier vaktleiar Nina Andal i Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Brannen skal ikkje ha hatt stort omfang. Også mange i Eid var utan straum som konsekvens av lynnedslaga, skriv NRK.

Brannar

Det brann i skogen ved Liavarden i Eid, og det har også kome røyk frå ein transformatorstasjon ved Espe. Tidlegare søndag fortalte alarmsentralen at dei ikkje hadde full kontroll:

- Vi har kontroll på to av brannane, men den tredje skogbrannen på Stårheim avventar vi tilbakemelding på, fortalte Terje Brandsøy, leiar for Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Fire brannar

Han fortalte at det har vore registrert totalt fire brannar i distriktet deira i dag.

- Det var også ein i Årdal som det var uttrykning til, men den var ikkje av stort omfang, fortalte Brandsøy.